Openheitslova

Openheitslova er ei norsk lov som skal fremja verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Dette i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal og vera med å sikra ålmenta tilgang til informasjon om korleis verksemda handterer negative konsekvensar på desse områda.

Både nasjonalt og internasjonalt har det over tid utvikla seg stadig aukande merksemd om næringslivet sitt samfunnsansvar, og respekt for menneskerettar. Openheitslova er ein del av ei slik utvikling, og inneber norsk lovregulering av internasjonale retningslinjer om næringslivet sine menneskerettar.

Utgreiing for aktsomheitsvurderingar periode 01.07.23-01.07.24 for TECNO VVS AS
Publisert 27.06.2024

Verksemd: TECNO VVS AS
Utfylt av Silje Vik
Dato: 22.05.2023
Rapporteringsperiode 01.7.2023 – 01.07.2024


Åpenhetsloven § 5a: Generell beskrivelse av virksomhetens organisering, driftsområde, retningslinjer og rutiner for å håndtere faktiske og potensielle negative konsekvenser for grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold

Organisering

Vår verksemd er organisert som eit aksjeselskap med forretningsadresse i Gamle Dalavegen 84, 5600 Norheimsund med avdelingar i Kvam, Voss, Aurland og Lærdal.

Vår verksemd er ein del av det organiserte arbeidslivet og er tilslutta Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og bransjeorganisasjonen Rørentreprenørene, VVS-Norge og Mestrgruppen.

Driftsområde

Vårt driftsområde er bransjekode 43.221 Rørlegger- og ventilasjonsarbeid der me er totalentreprenør, underentreprenør, leverandør og leverer på mange ulike fag som røyrleggjing, luftbehandling, automasjon, SD-anlegg, blikkenslager, tømrarar og servicearbeid.

Drifta omfattar ikkje eigen import av produkt.

Implementering av openheitslova

Styret i TECNO VVS hadde sak om openheitslova opp i styremøte i mai 2024 og vedtok at verksemda skal tilpassa seg openheitslova i vidare drift.

Rutinar/ retningslinjer

Ansvar er forankra i verksemda sine retningslinjer, prosessar og dokument for styring av verksemda, inkludert etiske retningslinjer for leverandørar. Ansvar for gjennomføring av arbeidet med etikk i leverandørkjeda vert definert i styrande dokument. Styret og øvste leiing har ansvar for innhald, koordinering, intern rådgjeving og rapportering medan alle leiarfunksjonar har ansvar for etterleving og oppfylgjing.

Rutina omfattar fordeling av ansvar og arbeidsoppgåver i vår verksemd, kartlegging og vurdering av negativ påverking/skade ut frå eigen verksemd, leverandørkjeder og forretningsforbindelsar, samarbeid om gjenoppretting og erstatning der det er naudsynt, stansing/førebygging av negativ påverknad/skade, overvaking av gjennomføring og resultata, samt kommunisere korleis påverkinga er handtert og behandling av informasjonskrav.

I våre innkjøpsbetingelsar vert det stilt krav som samanfell med krav i openheitslova.

I våre kontraktar stillar me krav knytt til openheitslova gjennom spesielle kontraktsbestemmelsar. Bestemmelsane sikrar vår verksamd tilgang til våre underleverandørar sine aktsomheitsvurderingar der dei er omfatta av openheitslova, og informasjon om underleverandørar sine varekjøp og leverandørkjeder der dei ikkje er omfatta av lova. Våre spesielle kontraktsbestemmelsar inkluderer også krav til lønns- og arbeidsvilkår og internkontroll, Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) for arbeid som skjer i Noreg.

TECNO VVS hadde i perioden 01.07.23 – 01.07.2024 kjøp frå 425 leverandørar, av desse har 32 leverandøraravtalar med VVS-Norge. Desse leverandørane er vurdert av kjeda.

Det er vurdert risiko for brudd på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samtlege kategoriar av verksemda sine leverandørar, basert på leveransar over 100.000,- i inneverande periode. Utanom VVS-Norge leverandørane utgjorde dette 61 leverandørar. Ifm utsendt spørjeundersøking så svara 28 stk.

Gjennom arbeid med kartleggjing av risiko for brot og grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i TECNO VVS, hjå foretningsforbindelsar og leverandørkjedene har me vurdert dette i forhold til verksemda sin storleik, art, konteksten verksemda finn stad innanfor, og alvorsgraden av og sannsynet for negative konsekvensar.

TECNO VVS AS har gjennomført ei risikovurdering ifm risikobransjar, risikovarer, risikoland samt eige erfaring. Oppfylgjing av våre leverandørar vart gjennomført via eit spørjeskjema. Svara er fylgd opp ihht til våre rutinar.

Arbeidet med openheitslova er også koordinert på bransjenivå mot VVS-Norge/Mestergruppen.

Åpenhetsloven § 5b: Opplysninger om faktiske negative konsekvenser og vesentlig risiko for negative konsekvenser som virksomheten har avdekket gjennom sine aktsomhetsvurderinger

Arbeidsmøte for kartlegging av leverandørkjeder og aktsomheitsvurderingar er igangsett i rapporteringsperioden. Me nyttar tilgjengeleg informasjon frå bransjeforeningar samt eigne undersøkingar av leverandørar med tilhøyrande risikovurdering.

TECNO VVS har prioritert kartleggjing av verdikjeder knytt til vårt kjernearbeid i rappporteringsperioden med grunnlag i vesentleg risiko for negative konsekvensar.

- Nye leverandørar vert fulgt opp ifm vår innkjøpsrutine

- Eksisterande leverandørar vert vurdert ifm svar spørjeskjema.

I inneverande periode sendte ein ut spørjeskjema til 61 leverandøarar, av desse så fekk me 28 svar. Dei som ikkje har svara ut henvendiga er vurdert til middels risiko ifm våre prosedyrar.

Ein av våre leverandørar har meldt tilbake at Litauen er eit land dei gjer begrensa handel med ifm underleverandør. Dei har hatt to fabrikkbesøk der, utan å avdekka noko risiko. Fabrikken vert oppfatta som solid og med ryddig fabrikasjon og leiarskap.

Ein annan av våre leverandørar nyttar kun selskap i Skandinavia med nokon unntak i Tyskland, Polen og Litauen. Ikkje omfattande leveransar men har likevel fått ekstra kontrollrutinar ifm risikokategoriseringa. Rapport på arbeidet er motteken.

Det er avdekka ein leverandør som har meldt tilbake at dei har behov for oppfylgjing av leveransar frå risikoland. Dette gjeld Bangladesh, Kina, India, Pakistan. Firmaet er medlem av Etisk Handel i Norge og har laga ein redgjørelse ang deira arbeid rundt dette.

Avvik vert fulgt opp, og nødvendige tiltak vert etablert etter gjeldande rutinar.

Inspeksjon eller revisjonar vert gjennomført ved behov.


Åpenhetsloven § 5c: Opplysninger om eventuelle tiltak virksomheten har iverksatt eller planlegger å iverksette for å stanse faktiske negative konsekvenser eller begrense vesentlig risiko for negative konsekvenser, og resultatet eller forventede resultater av disse tiltakene

TECNO VVS AS nyttar bransjerettleiingar, samt eigne vurderingar, for val av seriøse verksemder for å fremje dei føremål som openheitslova og anna regelverk skal fremje (arbeidsmiljølova, byggherreforskrifta, allmengjøringslova, forskrifter om allmenngjøring av tariffavtalar, forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter mv.).

I vårt kartleggjingarbeid nyttar ein også informasjon frå Startbank og andre kjende vareregister.

Vår verksemd utfører, i tråd med våre rutinar, kontroll av lønns- og arbeidsvilkår på bygg- og anleggsplassar i Norge.

Me planleggr å fyljgje bransje seminara om arbeidet med kartlegging av verdikjeder på bransjenivå som grunnlag for videre kartlegging og prioritering av vårt bedriftsinterne arbeid med aktsomheitsvurderingar i våre verdikjeder. Me vil oppdatere vår rutine/retningslinje med varslingskanal/klagemekanisme i tråd med Forbrukertilsynets rettleiing og anbefalingar frå bransje. Tiltak forventast å bidra til auka moglegheit for å fange opp risiko for brot på dei formål openheitslova skal ivareta, og bidra til å rette opp negative konsekvensar der det er påkrevd.

TECNO VVS vil fortsetja å arbeide vidare med openheitslova for å kunne avdekke eventuelle risikoar i leverandørkjeda knytt til menneskerettar og sømelege arbeidstilhøve.